Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB/ NPK
— Ikkje godta utan vidare at bustadlånet blir dyrare
NPK: Sjølv om styringsrenta no går opp, bør du ikkje utan vidare godta at banken gjer bustadlånet ditt dyrare, meiner Forbrukarrådet.
Noregs Bank har varsla at styringsrenta blir sett opp 23. september. Da er det vanleg at bustadrenta blir sett opp. Men det er ikkje noko ein-til-ein-forhold mellom endringa av styringsrentene og prisen på bustadlån, meiner Forbrukarrådet. Når styringsrenta går ned, er det til dømes mange bankar som berre delvis reduserer sine bustadlånsprisar eller dryger med å følgje sentralbanken.
— No som det går motsett veg, skal du som forbrukar ikkje utan vidare godta at banken gjer bustadlånet ditt dyrare. Du bør utøve di forbrukarmakt og allereie i dag starte dialogen med banken din om vilkåra på bustadlån, seier fagdirektør i Forbrukarrådet, Jorge Jensen, til deira nettside.
Dei tipsar om at ei renteauke er eit fint høve til å orientere seg om kven som har det beste rentetilbodet, og korleis dei ulike bankane tilpassar seg endringa frå Noregs Bank. Finansportalen.no har ein oversikt der ein kan samanlikne lån frå forskjellige bankar med både fast og flytande rente.