Guro Næs og Tom Erik Karlsen jubla for kvar sin siger i Bondespretten i Etne laurdag.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Lærar-paret sigra i Etne
Ølen vgs-lærarane Tom Erik Karlsen (31) og Guro Næs (26) gjorde reint bord på Bondespretten i Etne laurdag.
Det var to lærarar frå idrettslinja ved Ølen vidaregåande skule som tok sigrane i herre- og dameklassa under historias første utgåve av Bondespretten, eit terrengløp rundt Trommedalen i Etne og med start og mål mellom Etne senter og Gjerde senter.
Første parsiger»
Tom Erik Karlsen og Guro Næs er ikkje berre kollegaer. Dei er også kjærastar. Og mens Karlsen dei siste par åre har sett grå hår i konkurrentar i fleire mosjonsløp i distriktet, så var det første gongen at Næs kom først i mål i kvinneklassa.