Det er mistanke om funn av skrantesjuke hos ein hjort felt i Etne.Arkivfoto
Mistanke om skrantesjuke hos hjort felt i Etne
Veterinærinstituttet har varsla Mattilsynet om at innsendte prøvar frå ein hjort som vart felt i Etne 11. september ga utslag som indikerer skrantesjuke. Det blir understreka at fleire analyser må til for å stadfeste mistanken.
— Eg må understreke at dette førebels berre er ein mistanke. Men for å vere føre var jobbar mellom anna på staden for å fjerne eventuell smitte i terrenget kor dyret vart felt, seier Anne Marie Jahr, seksjonssjef dyrehelse i Mattilsynet i ei pressemelding fredag ettermiddag.
Ventar svar neste veke
Mattilsynet har vore i kontakt med den aktuelle jegeren, og jobbar no for å samle inn meir materiale får dyret som kan analyserast vidare. Endeleg prøvesvar er venta neste veke.