Partileiarane Audun Lysbakken (SV), Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) møttest torsdag på Hurdalsjøen Hotell for sonderingar om regjeringsforhandlingar. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK
Partileiarane Audun Lysbakken (SV), Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) møttest torsdag på Hurdalsjøen Hotell for sonderingar om regjeringsforhandlingar. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Sonderingane i gang: — Vi skal gå rett på sak

Ap, Sp og SV legg opp til effektive sonderingar på Hurdalsjøen Hotell.

Då dei tre partia møttest til første dag med sonderingar torsdag, la Ap-leiar Jonas Gahr Støre, Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og SV-leiar Audun Lysbakken vekt på at dei tre partia vil gå ærleg inn i sakene.

Målet er å få ei rask avklaring på om det er grunnlag for å gå vidare til formelle regjeringsforhandlingar mellom alle dei tre partia.

— Så skal vi ikkje bruke for lang tid på det, det er vi samde om. Vi har ikkje sett ein absolutt tidsfrist, men vi har tenkt å vere effektive og gå rett på sak, sa Støre då dei tre partileiarane møtte pressa før møtestart.

Han fekk støtte frå Vedum.

— Vi skal gå rett på sak med dei mandata vi har fått, sa Sp-leiaren.

– Sp er eit saksorientert parti og kjem til å gå frå sak til sak for å sjå kva grunnlag det er for forhandlingar.

Samla i Hurdal

Sonderingane går føre seg på Hurdalsjøen Hotell utanfor Oslo – ein stad som Vedum har ei heilt spesiell tilknyting til.

Under pressetreffet var det god tone mellom dei tre.

— Kan du ikkje fortelje det du sa til meg i stad, ope? sa Støre spøkefullt til Vedum.

Sp-leiaren reagerte med klingande latter.

— Det får du seie, Jonas, svarte han.

— La meg seie det like ut: Trygve vart til her, sa Støre, til stor latter i pressekorpset.

— Så vi går til røtene, sa Støre.

— Eg hadde ikkje lyst til å raudne, men no gjorde eg det, sa Vedum.

– Viss mor og far min ser på, får dei ha meg unnskylda at den kommande statsministeren i landet snakkar om sånne ting, la han til.

Lysbakken nysgjerrig

Lysbakken sa at han kjem til sonderingane med eit ope sinn.

— Eg er nysgjerrig på kva vi kan få til. Det er eigentleg berre ein måte å finne ut av det på, og det er å byrje å snakke om saker og politikk, og det er det vi er her for, og det kjem til å vise oss kor langt det er mogleg å komme, sa han.

På plass utanfor hotellet var òg ei rekkje aktivistar – blant dei Greenpeace, Nei til Atomvåpen og Redd Ullevål sjukehus.

Lysbakken heldt fast på at veljarane har gitt dei tre partia eit mandat til forandring.

— Alle veit kva vi i SV har lova dei som har stemt på oss: Kraftfull forandring for å få forskjellane ned i Noreg, å få gjort noko med klima- og miljøkrisa – og det er det eg er her for å sjå kor langt vi kan komme med, sa han.

Første møte med alle tre

Dei tre partileiarane tek plass rundt sonderingsbordet saman med dei respektive partifellane sine Hadia Tajik (Ap), Marit Arnstad (Sp) og Kirsti Bergstø (SV).

Det er første gong dei tre partia samlast til formelle møte for å snakke regjering etter at valet gav ein soleklar siger til den raudgrøne sida.

Støre har i forkant av sonderingane hatt samtalar med Senterpartiet og SV enkeltvis, og då avtalen om å gå i sonderingar var på plass måndag, kom partileiarane kvar for seg til vandrehallen i Stortinget for å kommentere.

Ap har gått inn i prosessen med eit tydeleg ønske om ei fleirtalsregjering der alle dei tre partia er med. Lysbakken har vore open for å forhandle om dette, medan Vedum standhaftig har stått fast på at han meiner ein Ap/Sp-regjering utan SV vil vere best.

Samtidig har Vedum vore påpasseleg med aldri å lukke døra heilt for SV.