Vindafjord rådhus.ARKIVFOTO
Sp suverene i Vindafjord
I Sp-styrte Vindafjord kommune får partiet til ordførar Ole Johan Vierdal svært godt oppslutning også i riksvalet.
Resultatet når alle stemmer er talte, viser 29,7 prosent til Sp, som er 3,3 prosentpoeng betre enn for fire år sidan. Det gode resultat kan også skuldast av mange vindafjordingar er med på eit tak for å få andrekandidat Lisa Marie Ness Klungland inn på Stortinget.
Høgre er den store taparen i Vindafjord med 16,7 prosent oppslutning, ned 3,7 prosentpoeng.
Her kan du sjå valresultata frå kvar krins i Vindafjord