Dagleg leiar i Vindafjordhallen SA, Torunn Blikra, er optimistisk på kva skal få til med det nye bassenget i Vats.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
10 Kjappe
Spent på om bygda får basseng
Onsdag startar rettssaka rundt erstatningsoppgjeret etter brannen i Vindafjordhallen, og om Klp får det som dei vil betyr det 30 millionar i avkorting. Men dagleg leiar, Torunn Blikra er optimist.
— Eg er kjempespent, men det blir utruleg godt å endeleg koma i gang. Eg er optimist og satsar på positivt utfall av rettssaka, seier Blikra.
Ho legg til at det ikkje er flust av samlingsplassar i Vats, og svømmehallen var ein arena der alle kunne trena og boltra seg uansett alder og fysisk form. Ein sårt sakna plass med andre ord.
Erstatningskravet er på 100 millionar, og Blikra er tydeleg på at dei får ein flott hall for 70 millionar også, men unngår dei avkortinga er sjansen stor for at også bassenget kjem på plass.