Innsendaren støttar protestar mot nytt saltlager ved planteskulen i Etne, slik fleire naboar (bildet) også har gjort gjennom eit oppslag i Grannar.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Kartfeil kan redda protesterande naboar
Ein mogeleg kartfeil hos Etne kommune kan vise seg å vere gull verdt for naboar som kjempar mot etablering av eit lager for vegsalt ved planteskulen i Etne.
Grannar har tidlegare skrive om Oddvar Flatebø og Mesta AS sine planar om etablering og drift av eit lager for vegsalt ved den tidlegare planteskulen i Etne. Naboar og føresette til barn som bruker Stødlevegen, som er planlagt for frakt av salt til og frå lageret, har protestert mot planane. Dei fryktar auka transport av store køyretøy på vegen, som barna deira ferdast på til og frå skule og fritidsaktivitetar.
Feil i fargekodar
Administrasjonen i Etne kommune har gitt grønt lys til byggesøknaden og sendt denne ut på høyring. Kommunen har i vedtaket vist til at eigedomen er regulert til næringsformål.