Autostore AS si notering på Oslo Børs ligg an til å bli den største i år.Arkivfoto: Fredrik Ringe/Autostore
Autostore AS si notering på Oslo Børs ligg an til å bli den største i år.

Lågare pris enn forventa

Robotselskapet Autostore AS i Vats er prisa til opptil 103 milliardar i samband med noteringa på Oslo Børs som etter planen skal skje i løpet av oktober.

Det er Dagens Næringsliv som melder dette fredag. Eksisterande aksjonærar skal selja seg ned for opptil 13 milliardar kroner. I ein emisjon i samband med noteringa er det planlagt å selja aksjar til mellom 27 og 31 kroner stykket. Det inneber ein pris på heile selskapet på mellom 90 og 103 milliardar kroner. Dette vil gjera noteringa til den suverent største på Oslo Børs i år, og selskapet til eit av de aller største i den norske aksjemarknaden, skriv avisa.

Prisinga av emisjonen er ein verdiauke på heile 57 prosent sidan japanske Softbank var ute og sikra seg ein stor eigarpost i Autostore i april. Fire hjørnesteinsinvestorar har teikna seg for aksjar til ein verdi av 6,9 milliardar kroner, med ein fjerdedel kvar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS