FHI-overlege Preben Aavitsland seier situasjonen ikkje er dramatisk no, men seier dette fort kan endre seg.
— Vi ser at det er særleg skulebarn, tenåringar og unge vaksne som blir smitta. Svært få av desse blir så sjuke at dei må på sjukehus. Utfordringa er likevel at smitten kan spreiast til uvaksinerte middelaldrande og eldre som så kan bli alvorleg sjuke, seier han til NTB.
Han seier det er ein skjør balanse mellom spreiingsevna til viruset og tiltaka mot epidemien.
— Denne balansen kan fort tippe feil veg, men det skal lite til å bremse spreiinga. Det er to viktige saker no: 1) Folk må takke ja til vaksinasjon med dose 1 og 2 og eventuelt 3. 2) Folk må halde seg heime og teste seg dersom dei blir sjuke, seier Aavitsland.
— Må vere førebudd
Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad ser heller førebels ingen omgåande grunn til bekymring.
— Førebels er det inga dramatisk stigning av innleggingar, og med tredjedose-vaksinering av dei over 65 år er det heller ikkje sikkert at det vil auke inn mot vinteren. Men vi må vere førebudde på at det kan endre seg, slik vi ser teikn til i enkelte andre land, seier han til NTB.
Han seier Noreg har hatt ein ganske stabil situasjon gjennom hausten utan særleg auke i smittetal eller innleggingar.
— Uvissa framover er nok først og fremst knytt til vintersesongen og om vi vil få ein auke av influensa samtidig med covid-19, seier Nakstad.
Kan bli lokale tiltak
Smitten aukar i dei fleste fylke, men det er særleg i Oslo og Troms og Finnmark auken er markant.
Aavitsland strekar under at kommunar som slit med mykje smittespreiing kan vurdere ekstra tilrådingar til befolkninga, til dømes avstand innandørs der det er folksamt og meir bruk av heimekontor.
— Vi trur det skal vere mogleg å halde situasjonen under kontroll, men det vil nok bli noko auke i innleggingar utover hausten, seier Aavitsland.
Han seier det førebels berre er Universitetssjukehuset i Nord-Noreg som har uvanleg høg belastning.
Følgjer nøye med
Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier til NTB at ho følgjer situasjonen tett.
— Vi ser at smittetrenden aukar, og følgjer situasjonen tett. Talet på innleggingar er spesielt viktig å følgje med på no som dei fleste er vaksinerte. Sjukehuskapasiteten er god, men lokal smitte i nord har ført til mange innleggingar der, seier ho.
Ho sluttar seg til vaksine-oppmodinga til Aavitsland:
— Vi ser at uvaksinerte har høgast risiko for å bli smitta og bli innlagde. Alle som ikkje har teke vaksinen eller berre fått ein dose, blir derfor rådde til å bli fullvaksinerte så raskt som mogleg.