Elsebeth Heggelund fekk besøk heime av Etne idrettslag sin leiar, Erling Bjarte Rullestad, og nestleiar Monica Grindheim då ho mottok diplomet for æresmedlemskap i EIL. Foto: Privat
Elsebeth Heggelund fekk besøk heime av Etne idrettslag sin leiar, Erling Bjarte Rullestad, og nestleiar Monica Grindheim då ho mottok diplomet for æresmedlemskap i EIL.
Vidar Aastvedt utnemnd som æresmedlem i Etne IL.
Vidar Aastvedt utnemnd som æresmedlem i Etne IL.

Søsken fekk æresmedlemskap

Under laurdagens jubileumsfest for Etne idrettslag blei søskenparet Vidar Aastvedt (61) og Elsebeth Heggelund (57) kvart sitt æresmedlemskap for lang og tru teneste.

Publisert Sist oppdatert

Arrangøren måtte bli kreativ då dei plutseleg fekk nyss i at Elsebeth Heggelund skulle reisa vekk den aktuelle helga, og dermed måtte dei tjuvstarta heidersfesten ein smule.

Torsdag ettermiddag fekk ho uventa besøk på døra, og blei lamslått av overrasking. Elsebeth blir heidra etter nesten 50 år i laget. Først som idrettsutøvar frå 1970-talet og fram til i dag, og frå 1990-talet har ho vore aktivt med som trenar for turngruppa. Ho har vore oppmann for fotballag, og vore med i styrearbeid i ei årrekkje.

For ikkje å snakka om dugnad. Ho har til og med stilt opp som barnevakt for A-laget, slik at dei kunne stilla nok spelarar til kamp. Dagens 30-40-åringar kan ikkje minnast ein einaste Etne Cup utan at ho var der med sitt smittande gode humør. Ho tar utfordringar på strak arm, og har ikkje lært seg ordet nei», blir det sagt av juryen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS