Illustrasjonsfoto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

FHI om skulestart: Smitte kunne vore unngått

Det nye testregimet som vart innført i skulen i haust, burde vore betre førebudd, fastslår FHI i ein ny rapport.

Publisert Sist oppdatert
I ein rapport har Folkehelseinstituttet (FHI) sett nærare på skulestarten i august, der skulane opna på grønt nivå, samtidig som det vart innført eit nytt system med testing i staden for karantene.

FHIs konklusjon er at ein del smitte truleg kunne vore unngått, sjølv om situasjonen kom under kontroll relativt raskt etter skulestart.

— Det nye testregimet burde vore betre førebudd og komme på plass tidlegare, heiter det i rapporten.

Uoppdaga smitte

FHI konstaterer samtidig at mykje av smittespreiinga byrja allereie før skulestart, og at mange elevar byrja på skulen med uoppdaga smitte.

Smittespreiinga var størst blant elevar i ungdomsskulen og i vidaregåande skule.

— Mot slutten av sommarferien var det mange aktivitetar for desse aldersgruppene, som aktivitetsleirar, festivalar, festar og andre sosiale tilstellingar. Vi fekk informasjon frå møte med mange kommunar om mange utbrot som hadde starta i slike situasjonar, skriv FHI.

Då elevane byrja på skulen igjen, heldt smittespreiinga fram både internt på skulane og gjennom sosiale aktivitetar og arrangement på og utanfor skulen.

Smitten gjekk derimot raskt ned igjen då ungdommane kom inn i ein normal skulekvardag med målretta testing og smitteverntiltak, ifølgje FHI.

Kompleks system

FHI-rapporten viser at smitten sokk raskt då dei hardast ramma kommunane fekk etablert nye testregime med jamleg testing.

Denne reduksjonen byrja før vaksinasjonen av ungdommar kom i gang for fullt.

Men testregimet fungerte ikkje optimalt i byrjinga», ifølgje FHI. Kommunane fekk kort tid til å førebu seg, systemet var komplekst, og det var til dels mangel på hurtigtestar, lyder ein av hovudkonklusjonane i den nye rapporten.

FHI meiner likevel at normal drift i skulane er forsvarleg i den noverande situasjonen:

— Når personar i risikogrupper i all hovudsak er vaksinerte, er det ikkje lenger forholdsmessig med strenge tiltak retta mot barn.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS