Mange til stades på den store kinodagen
Det var ikkje berre førpremiere av som fekk unge kinogangere til Skakkesenteret på den store kinodagen i dag. Den var fylt med mange aktivitetar som prins og prinsesse utkledning, Lego med Gregor og mange fleire aktivitetar.
For dei unge kinogangarane var filmar som Tre nøtter til Askepott, og Petter Kanin hopper hjemmefra som var det store filmane og vart i løpet av dagen begge utselt. To av kinogangarane var Vilde Nesheien (6) og Linnea Bjørklund (5) som begge hadde fått kle seg ut som prinsesser og farget håret på prinsesseverkstadet. Vilde hadde sett Ekkliene: velkommen til søppeldynga og skulle sjå Tre nøtter til Askepott seinare, og Linnea skulle sjå Petter Kanin hopper hjemmefra. Vilde fortalde at Ekkliene var ein veldig bra film, og begge var super nøgd med å få kunne kle seg ut mens de venta på neste film.
Lego med Gregor
Ei av de andre aktivitetane ein kunne gjer mens ein venta var bygging med Lego med Grzegorz Gorczynski (37), også kjent som Gregor frå Lego Masters på TV2. Mange møtte opp for å bygge sine fantasiar saman med Gregor.