Dette skriv kommunen i meldinga som skuldast urovekkande høgt smittepress den siste veka:
Smitten er nå spreidd i alle delar av kommunen, og kommuneoverlegen ser det difor som naudsynt å koma med forsterka råd til befolkninga for å sikra at ein ikkje mister kontroll på situasjonen.
Arrangement kan gjennomførast i helga som planlagt, men med auka fokus på forsterka smittevern, inkludert konserten med Maria Mena.
På arrangement der det er vanskeleg å halda avstand til andre, er det eit klart råd å bruka munnbind.
Det er også viktig at personar som har symptom på akutt sjukdom, særskilt luftvegssymptom, ikkje møter på slike arrangement.
Skular og barnehagar i Vindafjord går over til gult nivå frå kommande veke.
Det inneber mellom anna at ingen skal møta sjuke, inndeling i kohortar der ein klasse er ein kohort, unngå handhelsing og klemming, forsterka reinhald, trinnvise kohortar på SFO og eigne område i skulegarden for ulike kohortar.
Dette er dei forsterka råda:
- Alle med teikn til akutt sjukdom (spesielt luftvegssymptom) skal halda seg heime.
- Personar over 12 år skal testa seg med hurtigtest ved symptom.
- Hald avstand til andre.
- Uvaksinerte vert oppfordra til å vaksinera seg.
- Reduser talet på nærkontaktar.
- Dei som har høve til det bør ha heimekontor. Unngå mingling på arbeidsplassen.
- Det skal vera forsterka smittetiltak på alle arrangement. Dette inneber spriting og vasking av hender, legga til rette for at ein kan halda avstand osv..
- Bruk munnbind der det ikkje er mogleg å halda avstand innandørs.
- Serveringsstadar bør berre servera ved bord.
Tiltak i kommunen:
- Kommunen opprettheld påbod om bruk av munnbind for tilsette i institusjonar og heimetenesta.
- Kommunen innfører gult nivå ved alle skular og barnehagar i Vindafjord.
Meldinga er signert kommuneoverlege Terje Kleiven og kommunedirektør Yngve Folven Bergesen.