Julegenserutval i ein britisk klesbutikk.
Foto: Wikipedia
Vi kjøper julegenserar som aldri før
Salstala viser at nordmenn er glade i julegenserar. Ifølgje statistikken til Klarna, som baserer seg på salet til meir enn 12.000 nettbutikkar, er salet av stygge julegenserar» meir enn dobla sidan i fjor. Dei siste to vekene er auken på 230 prosent. — Det har blitt eit ganske stort fenomen som berre veks seg større og større, seier marknadsdirektør i Klarna, Thomas Elvestad til
NRK.
Ifølgje ei global undersøking Klarna har utført i heile 18 land, inkludert Norden, USA, Australia og store delar av Vest- og Sør-Europa, oppgir 42 prosent av nordmenn at dei liker dei stygge julegenserane. USA og Storbritannia er dei landa der flest liker dei, medan Tyskland og Italia er minst begeistra.
Verksemda jule-genser.no omsette for 15 millionar norske kroner i fjor. I 2021 endar dei truleg opp med å omsette for 42 millionar. Selskapet er basert i Danmark, men dei sel til land i Europa. Primærmarknaden er likevel Noreg, Sverige og Danmark.
— Salet og etterspurnaden har auka sterkt under korona. Vi har kjent på lockdown» og det å ikkje kunne samlast til julebord og liknande. Då går vi litt sånn all in» i juletida. Eg trur det er det vi merkar litt effekten av, seier Christoffer Sloth Henriksen, partnar i jule-genser.no, til NRK. Han anslår at dei vil selje mellom 200 og 300.000 julegenserar i år. (NPK)