Nye straumprisrekordar gjer at vinteren ser ut til å bli svært dyr sjølv om regjeringa innfører støtteordningar. Foto: Marius Helge Larsen / NTB / NPK
Nye straumprisrekordar gjer at vinteren ser ut til å bli svært dyr sjølv om regjeringa innfører støtteordningar.

Vinteren vil bli rekorddyr trass straumstøtte

NPK-NTB: Nye straumprisrekordar gjer at vinteren ser ut til å bli svært dyr sjølv om regjeringa innfører støtteordningar.

NRK har samanlikna dagens prisnivå med dei fem siste vintrane.

Snittet for desember, januar, februar og mars er cirka 35 øre per kilowattime i Sør-Noreg. Det er berre ein femdel av prisen i same landsdel til no i desember.

Prisen har i snitt vore på 1 kroner og 81 øre på straumbørsen Nord Pool (til 27. desember). Det er denne prisen som er grunnlaget for straumstøtta frå regjeringa.

Sjølv om staten tek litt over halvparten rekninga over 70 øre, kostar straumen framleis 1 krone og 50 øre per kilowattime inkludert moms.

Eit hus som bruker 27.000 kilowattimar i året og har forbruk i desember på 3.280 kilowattimar vil dermed få ei samla straumrekning for dei fire vintermånadene på nesten 13.000 kroner meir enn snittet av dei førre fem vintrane, dersom desemberprisane held fram. Det er eit slikt eksempelhus NVE har brukt i utrekningane sine.

Ein norsk gjennomsnittshusstand bruker likevel mindre straum enn dette dømet, sidan mange små leilegheiter inngår i snittet, knapt 16.000 kilowattimar i året. Dei kan få ei ekstrarekning på rundt 7.500 kroner.

— Vi vil følgje situasjonen tett gjennom heile vinteren for å sjå om det vil vere behov for å gjere endringar i dei mellombelse støtteordningane, seier olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap).

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS