Dokumenterer viktige kulturminne
Tongahuset på Auastad – eller kongehuset som det gjerne er mest kjent for, er eitt av kulturminna som no blir registrert i Etne kommune sin kulturmiljøplan.
Prosjektleiar Ellen Tveit og kulturleiar Marian Sydnes er snart ferdige med det omfattande arbeidet, og nå skal planen ut på offentleg høyring.
Visste du at det står ei gamal stove på Auastad, som ein gong i tida var ei gåve frå kongen til eit fattig ektepar frå Etne? Kva skal til for at også oldebarn, og tippoldebarn av dagens foreldregenerasjon skal få ta del i historia om ei stove som skulle bli heimen til Siri Askjellsdotter og Aslak Olsson i 1909?
Kulturmiljøplanen fortel historia om ekteparet som i armod og fortviling skreiv brev til kong Haakon med bøn om å få pengar til ein plass å bu. Aslak Olsson jobba som daghjelp og vegarbeidar, og inntekta var ikkje betre enn at dei til tider også måtte ty til fattighjelp for å overleva. Kongen skjøna den vanskelege situasjonen ekteparet, som venta sitt tredje barn, stod i, og etter ei stund kom det brev med 250 kroner i. For desse pengane kjøpte dei seg eit gamalt hus som dei flytte opp til Auastad, i tillegg fekk dei også råd til både omn, seng, bord og stolar.