Foto: Irene Mæland Haraldsen
Audhild Ulland, fryktar avfolking om skulen blir lagt ned.

Kjempar for å bevara skulane

Audhild Ulland er pensjonist, men kan sjå tilbake på 40 år i læraryrket. Ho har også vore rektor, og ser den store verdien av å ha levande bygder – med grendeskular. Å leggja ned skular, vil avfolka bygdene, meiner ho.

Publisert Sist oppdatert

— I alle våre bygder har me gode ungdommar som har initiativ, og er kjempeviktige for lokalsamfunnet. Dei reiser ut for å ta utdanning, og mange av dei kjem også heim igjen. Blir grendeskulane lagt ned, vil kanskje ikkje ungdommane halda fram med å venda heim igjen etter utdanninga, seier Ulland.

I 40 år var ho lærar i vindafjordskulen, nokre av desse åra var ho også rektor både i Vats og i Sandeid. Ho stiller seg undrande til at kommunen går ut og seier dei vil ha levande bygder, men likevel føreslår nedlegging av skular. Det meiner ho vil avfolka bygdene.

— Om dei unge forsvinn frå bygdene, vil det gå også gå ut over alt det frivillige arbeidet ungdom og unge vaksne står for. Dei er ofte primus motor for dette, seier ho.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS