Store nedbørsmengder har ført til jordras like ved fylkesvegen og at deler av vegbanen har blitt grave ut.Foto: Arne Frøkedal
Store nedbørsmengder har ført til jordras like ved fylkesvegen og at deler av vegbanen har blitt grave ut.
Foto: Arne Frøkedal
Nytt dreneringssystem må på plass og vegen må byggast opp igjen før den kan opnast for ferdsel.
Foto: Arne Frøkedal
Stødlevegen i Etne vil vera stengt i lang tid framover, truleg til april.

Fylkesveg stengt i lang tid etter jordras

I over to veker har eit jordras ved Lonsdalen på Fv. 5016 i Etne ført til at Stødlevegen har vore stengt stengt for gjennomkøyring. Ytterlegare åtte veker kan det gå før vegen blir opna igjen.

Publisert Sist oppdatert

Kraftig nedbør førte til at deler vegen Stødlevegen rasa ut like før den når E134. Dette er ein fylkesveg som går frå Strondavegen på Enge til E134 ved Håfoss. Drenssystemet kollapsa og vatn vaska vekk vegmassane og grov seg under vegen.

Grunneigar Jostein Kringlebotten oppdaga at noko var i ferde med å skje alt før jul, og då himmelen opna seg for eit par veker sidan og regnet plaska ned, fossa vatnet ut på jordet. Ein bekk som er lagt i røyr, rann over og byrja å grava i leirjorda.

— Det starta før jul og så blei det verre under den siste flaumen. Den har grave mykje meir. For mykje vatn på kort tid har ført til at vatn har byrja å renna på bakken og grave under vegen, fortel Jostein Kringlebotten.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS