Laksefiske er stengt i 183 av dei 480 lakseførande elvane i Noreg. Men stortingsrepresentant Ove Trellevik vil stenge alle elvene på Vestlandet.
Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Foreslår å stoppe laksefisket på Vestlandet
Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) vil stoppe alt fiske etter laks i elvane på Vestlandet. Han meiner det kan ha positiv effekt på bestanden. Miljødirektoratet er skeptisk.
– I 2010 vart det forbod mot garnfiske etter laks i sjøen. Året etter vart det registrert 20.000 fleire gytande laks i elvane. Det viser at forbod mot fritidsfiske verkar. Difor trur eg det er fornuftig å stenge fiske etter laks i vassdraga i ein periode, og så vurdere resultatet, seier Trellevik til Bergens Tidende.
Hittil har det vore mest merksemd mot oppdrettsnæringa og lakselus for å forklare at villaksen no er klassifisert som nær trua» på raudlista til Artsdatabanken. Trellevik meiner det er på tide å tenke nytt og viser til at 297 av 480 lakseførande elvar i Noreg er opne for fiske.
– Når arten er trua og raudlista, er det spesielt at vi tillèt ei så omfattande hausting i elvane, seier Trellevik. Han meiner også det er eit paradoks at oppdrettsnæringa på Vestlandet er underlagt strenge restriksjonar på grunn av mykje lus, medan det er ope for laksefiske i mange elvar.