Ny mobilmast ved Fjellgardsvatnet vart markert i fjor haust. No er det bestemt at Vikedalsdalen skal få fiber til nesten fem millionar, men at Fjellgardsvatnet må bli dekt av breiband via mobilmasta. Tilsvarande tlbod blir i mange andre område i Vindafjord. I framgrunnen Wenche Sandbekken Lilleland og Peter-Børre Furberg, administrerande direktør i Telenor Norge AS under markeringa i fjor.
Foto: Jon Edvardsen
Må stole på 5G
Vindafjord må senke ambisjonane for breiband med fiber i bakken på grunn av at millionane rullar. No står begge sider av Vikedalsdalen for tur, men Fjellgardsvatnet må leve med 5G.
Internett gjennom breiband vil i store område i Vindafjord bli dekt via telemaster i første omgang med 4G+, og antakeleg oppjustering til 5G som gir større kapasitet.
Formannskapet har godkjent ei utbygging med fiber i Vikedalsdalen til nesten 4,8 millionar kroner, og at prosjektet blir redusert, ved at strekninga mellom Låkafossen og enden av Fjellgardsvatnet blir tatt ut. Utan denne justeringa ville prislappen blitt nesten 8,9 millionar kroner.
Formannskapet godkjente eit slags prinsipp om at det ikkje blir fiber for alle, men breiband gjennom mobilnettet der kostnaden er for stor.