Laurdag opna landsserien for elitelag på G16-nivå. Denne gongen gjekk møtet mellom FK Haugesund og Viking føre seg på SR-Bank Stadion i Ølen. Etnesbu David Øren, som er fast inventar på FKH sitt G16-lag, hadde rolla som kaptein.
— Eg var faktisk litt nervøs før kampen, men det gjekk veldig bra. Det var god atmosfære, og det var veldig kjekt å spele med så mange kjende på tribunen, fortel David Øren til Grannar etter kampen.
Eg var faktisk litt nervøs før kampen
David Øren, etnebu og FKH-spelar
Under til pause
Sjølv om det var Viking som kom først i gang med målfangsten, utlikna Troy Engseth Nyhammer for FKH utover i omgangen. Like før pause var det dei dei mørkeblå som tok leiinga, etter straffebom med etterfølgjande retur.
— Det var litt keisamt at det blei scoring. Eg ropte først «Jaaah!», då FKH-målvakta redda, men så scora han (red.mrk. Tobias Saliou Moi Séne) på returen rett etterpå, seier Emilia Digernes Lothe.
Ho var blant publikummarane som såg kampen, og som heia på dei kvitkledde. I pausen, då det blei arrangert crossbar challenge, gjekk ho heilt til topps. Konkurransen går ut på å skyte ein fotball i tverrleggjaren på målet, frå ein gitt avstand.
— Det var veldig gøy å slå gutane i klassen, spesielt sidan det var nokon som sa at eg kom til å bomme, då eg tok det siste skotet, fortel Lothe.
Imponert supportar
Etter pause var det igjen dei kvitkledde som kom best i gang. Representantar frå Maakeberget supporterklubb feira scoringane med både song og jubel. Utflytta ølensbu og tidlegare leiar for supporterklubben Maakeberget, Arild Flesjå, var blant dei som hadde funne vegen til SR-Bank stadion.
— Det har vore ein draum for meg å sjå FKH mot Viking her i Ølen. Eg har ikkje vore på stadion i Ølen sidan eg «tullespelte» her sjølv for mange, mange år sidan, seier Flesjå.
Han er imponert over kvaliteten på spelet.
— Teknikken er utruleg. Eg håpar fleire av dei kjem opp på A-laget. Dei spelar såpass bra fotball at eg kan tenkje meg å sjå fleire kampar på dette nivået. Det er dessutan kjekt at FKH har starta damelag. Eg har sett ein kamp allereie, og også der var nivået lovande, seier Flesjå.
Fyllte tribunen
Kampen mellom FHK og Viking enda 4-4. Leiar i fotballgruppa i Ølen, Johnny Vik, er strålande nøgd med arrangementet. Han reknar med at rundt 400 tok turen til stadion denne dagen.
— Målet i fotballgruppa er å satse på dei unge, men i ungdomsalderen er det dessverre slik at mange fell i frå. Målet med å få ein slik kamp her til Ølen, er å inspirere dei unge. FKH var veldig positive då me tok kontakt, fortel Johnny Vik.
Han er glad for alle som tok turen.
— Det var ein veldig god atmosfære her i dag, både for dei som såg på og for dei som samla seg og spelte fotball bak banen under kampen, seier Vik.