Kjetil Nesbu i UP under ein tidlegare fartskontroll.
Arkivfoto: Svein-Erik LarsenFOTO: Svein-Erik Larsen
Mange køyrde for fort
Det blei til saman 15 reaksjonar då Kjetil Nesbu i UP tok oppstilling i eit busskur langs 80-sona E134 på Viskjer i Etne onsdag. Alle fem som blei målt til over 100 km/t, blei teke i samband med at dei køyrde forbi bilen framfor seg.
— Fartsgrensa gjeld også under forbikøyringar, seier Nesbu under kontrollen i Åkrafjorden.
13 bilførarar på veg ut i påskeferie vedtok forenkla førelegg, mens éin avslo tilbodet og blir meld. Ein bilførar fekk inndrege førarkortet sitt etter å ha køyrd 119 km/t.
Promillekontroll om du køyrer for fort