Ølensrussen er talsterke i år. Med denne gjengen og ei gruppe som ikkje rekte biletet, utgjer dei cirka 70 ungdommar.
Foto: Svein-Erik Larsen
Nå skal det feirast
Årets russekull blir det første sidan koronapandemien som får feire som normalt i mai. I Ølen gler russepresident Vetle Bauge Pedersen (18) og cirka 70 russar seg til fest og reise til Stavanger.
— Det blir veldig kjekt å starte den offisielle feiringa. Det har vore ein del jobb fram mot dette, seier Vetle Bauge Pedersen, som er etnebu og går på den studiespesialiserande linja.
Godt i gang
Sjølv om russefeiringa tidlegare hovudsakleg var knytt til mai, har den i dei seinare åra blitt meir og meir eit heilårsfenomen. Då dei fleste frå ølensrussen samlar seg for bilete utanfor Ølen vgs tysdag, har dei for lengst fått på seg russebuksene.