Matvareprisane kan stige med 4–5 prosent på grunn av krigen i Ukraina. Landet er blant verdas største produsentar av korn, men norske brød og kornprodukt består i hovudsak av norsk korn, ifølgje Felleskjøpet. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Matvareprisane kan stige med 4–5 prosent på grunn av krigen i Ukraina. Landet er blant verdas største produsentar av korn, men norske brød og kornprodukt består i hovudsak av norsk korn, ifølgje Felleskjøpet.

Rapport: Matvareprisane kan stige med 5 prosent

Det tekniske berekningsutvalet (TBU) ventar at prisveksten på matvarer blir om lag 3 prosentpoeng høgare enn berekninga frå utvalet i februar.

Publisert Sist oppdatert

Måndag offentleggjorde TBU dei endelege berekningane for lønns- og prisvekst i 2022, og matvareprisen vil bidra til aukande inflasjon, skriv E24.

TBU peikar på at internasjonale kveiteprisar i slutten av februar og starten av mars har skote i vêret frå eit allereie høgt nivå på grunn av krigen i Ukraina.

– På usikkert grunnlag er det anslått at norske matvareprisar, slik dei blir målte i konsumprisindeksen, vil stige mellom 4 og 5 prosent i 2022. skriv TBU i rapporten. Det er om lag 3 prosentpoeng høgare enn det som låg til grunn for prisanslaget i den førebelse rapporten dei la fram i februar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS