Konsert i Vikedal.Foto: Privat
Konsert i Vikedal.

Samla mykje folk

Denne veke hadde KORe» Vindafjord to konsertar i samband med sitt 15 årsjubileum.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag kveld var det Ølen kulturhus som var arena for KORe» Vindafjord sine tolkingar av ulike kjende filmmusikksatsar. Både varaordførar Gustav Løge Fosse og einingsleiar for kultur og læring Ane Kesia Fatland kom med både gåve og gode ord. Fredag kveld var det duka for konsert i Vikedal bygdahus. Dirigent Lasse Jarmer har arrangert ein god del av songane, som såg ut til å falle i smak hos dei frammøtte. Med seg på laget hadde KORe» Vindafjord dyktige musikarar. I tillegg til Lasse Jarmer på piano var Frode Kvandal med på bass og Arne Haugen på trommer.

Mykje folk

— Totalt var det rundt 200 personar som fekk med seg desse to konsertane, og tilbakemeldingane frå publikum har vore veldig gode, på både prestasjonen til koret, men også lyden og det estetiske, melder leiar i KORé Vindafjord, Nils Erik Eide.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS