Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp).
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Einigheit i jordbruksoppgjeret
Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har blitt einige med staten om ein jordbruksavtale for 2022 og 2023 på 10,9 milliardar kroner.
— Dette er eit første viktig steg i ein snuoperasjon for landbruket, seier Bjørn Gimming, jordbruket sin forhandlingsleiar og leiar i Norges Bondelag i ei pressemelding frå bondelaget.
På pressekonferansen der avtalen blei presentert beskreiv landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) det som ein særdeles viktig avtale, og meiner dette viser regjeringa prioriterer norsk landbruk.
Fornøgd med kostnadsdekning