Vakkert spel i grålysninga
Eit unikt og flott spel føregår i naturen desse dagar. Orreleiken er kanskje ikkje så langt unna, men det er få som får smaka på denne opplevinga, av ulike grunnar.
Den blir gjerne kalla hønseveka», perioden mellom utgangen av april og starten av mai. Det er nå orreleiken er på sitt mest intense; når hanen kjem med sin flotte pondus i kvitt og svart, karakteristiske lydar og intense spel, for å lokka orrhøna til seg. Denne opptakten til hekkinga er av det heilt spektakulære slaget.
Å visa seg fram og få dama sin gunst, er krevjande. For her må hannen imponera på alle måtar for å bli valt ut av orrhøna, som følgjer med frå sidelinja.
Du er ikkje invitert til denne spesielle fugleleiken, og skal du vera publikum, er det på skogsfuglen sine premissar: Å halda ein svært låg profil. Det krevst førebuing i form av å lokalisera scenen», og finna den beste plassen å observera frå. Som usynleg gjest må du ligga i skjul, helst i telt, gapahuk eller liknande. Det smartaste er å legga seg godt til rette i soveposen kvelden før, og ha med godt med klede og niste.