Toralv Tveit (f.v.), Laila Flatebø og Sigbjørn Varne er svært bekymra for den kraftige kostnadsveksten den siste tida. Foto: Svein-Erik Larsen
Toralv Tveit (f.v.), Laila Flatebø og Sigbjørn Varne er svært bekymra for den kraftige kostnadsveksten den siste tida.

Kostnadsveksten et opp inntektene

Dagleg leiar i Tveit Maskin, Toralv Tveit, styreleiar i Brødrene Flatebø, Laila Flatebø, og kontorleiar i T. Sandsgård Anlegg, Sigbjørn Varne, kjenner alle ein straum av auka kostnadar på kroppen. Nå vil dei ha staten til å bidra slik at dei ikkje tapar pengar på jobbane dei gjer.

Publisert Sist oppdatert

— Staten må enten hjelpe til å få ned prisane på diesel og materiell, eller gi kompensasjon for dei auka kostnadane, seier Toralv Tveit.

Firmaet hans er blant dei som arbeider på industriområdet på Nerheim i Ølen der han, saman med Flatebø og Varne møter Grannar for å fortelje om den svært vanskelege situsjonen. Dei tre lokale bedriftene har etablert seg som viktige aktørar i Etne- og Vindafjord kommune.

Tveit Maskin frå Ølensvåg og Brødrene Flatebø frå Etne har høvesvis 13 og 12 medarbeidarar som stort sett er busette i Grannar-distriktet, og tek oppdrag for private, kommunar, fylke, Statens vegvesen og leverandørindustri i Vestland. T. Sandsgård Anlegg held til på Bjoa og har åtte tilsette.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS