Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen hevar øksa over Bjoa skule og Imsland skule i innstillinga han legg fram til politisk behandling. Foto: Jon Edvardsen
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen er ikkje overraska over prosjektet på Dommersnes engasjerer.

Skrotar to skular i Vindafjord

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen vil ha kroken på døra for skulane i Imsland og Bjoa. Han fredar fire andre skular han tidlegare ville ha med i det same dragsuget

Publisert Sist oppdatert

Sandeid, Ølensvåg, Vats og Vikebygd kan dermed puste letta ut når forslaget om å avvikle barnetrinnet i dei fire bygdene, er trekt tilbake.

Innstillinga til kommunedirektøren er nettopp lagt fram i dag, og planen for skular og barnehagar går til politikarane med endeleg avgjerd i kommunestyret 21. juni.

At nokre bygder kan juble, er mager trøyst for Bjoa og Imsland som kan miste skulen sin frå hausten 2023 dersom kommunedirektøren får politisk tilslutning til forslaget.

Bjoa skule.

Klare tilbakemeldingar

— Er det den ganske eintydige folkeviljen som har fått deg til å snu for fleirtalet av skulane?

— Høyringsrunden gav mange gode innspel og den endelege innstillinga er ei heilskapleg vurdering, og ikkje berre det skulefaglege som var grunnlaget i det første forslaget. Samfunnsutvikling og økonomi er meir med i den samla vurderinga eg legg fram for politikarane, svarar kommunedirektør Yngve Folven Bergesen.

Det kom inn over 400 innspel i høyringsrunden på det første forslaget han la fram i slutten av januar.

Imsland skule kan bli lagt ned frå hausten 2023 dersom tilrådinga blir vedtatt.

— Blir for små

Men denne vurderinga gjeld altså ikkje for Bjoa og Imsland.

— Eg må føreslå det eg meiner er best for elevane og kommunen. Det er ei grense for kor liten ein skule bør bli. Bjoa og Imsland er små einingar, og det er venta framleis nedgang i folketalet. Begge skulane er todelte. Det blir gitt god undervisning, men for så små skular, kan det gå ut over kvaliteten, seier Bergesen.

At kommunedirektøren også skrotar forslaget om felles ungdomsskule i Ølen, ser han som nødvendig sidan føresetnaden om å ha tre skulebygder er lagt vekk. I så fall ville ei investering på 300-400 millionar utelukkande bli ein ekstra kostnad, påpeikar han.

Her er det endelege forslaget til kommunedirektøren

BJOA

  • Leggje ned Bjoa skule og flytte elevane til Vågen skule frå hausten 2023.
  • Bjoa barnehage skal halde fram, men lagt under Vågen barnehage. Blir avdelingsleiar på Bjoa, mot einingsleiar i dag.
  • Skulefritidsordninga (SFO) blir eit tilbod i barnehagen på Bjoa før og etter skuleskyssen til Ølensvåg.
  • Etterbruken av skulebygningen blir avgjort seinare, og kommunen skal i dialog med Bjoa bygdeutvikling (grendeutval) om det.

IMSLAND

  • Avvikle Imsland skule og flytte elevane over til Vikedal skule frå hausten 2023.
  • Imsland barnehage blir lagt under Sandeid barnehage som er den nærmaste kommunale barnehagen. Kommunen vil drøfte etterbruken av skulen med grendeutvalet, og om det er aktuelt å flytte barnehagen til bygdehuset i nærleiken i Ølmedal som er i privat eige, Imsland Bygdahus SA.

VATS

  • To alternativ for Vats skule som Norconsult meiner er rivingsverdig: Total-renovere eller byggje ny skule for 1-7 årstrinn som i dag. Blir avgjort seinare.
  • Gå i dialog med private Nausthagen barnehage AS i Åmsosen om at Vats skal ha éin barnehage i framtida, anten i privat eller kommunal regi. Kommunen har i dag barnehage i Øvre Vats i den tidlegare skulen.
  • Dersom kommunen skal byggje ny barnehage, blir det i eit felles oppvekstsenter med skulen.

ØLENSVÅG

  • Barnehagen og skulen organisert i oppvekstsenter med felles leiing.

SANDEID

  • Barnehagen og skulen organisert i oppvekstsenter med felles leiing.
Powered by Labrador CMS