Forstår ikkje logikken
Jostein Grindheim (48) er frustrert over kommunen som ikkje vil imøtekomma kravet om nedsenka fortau langs Etne Bilservice. Det opphøgde fortauet gjer at Grindheim frå no av berre har éi innkøyrsle, og den ligg midt i det trafikkerte krysset.
Eit nytt fortau er i ferd med å bli bygd langs heile Tongane industriområde i Etne, og for Etne Bilservice og Jostein Grindheim skapar dette hovudbry.
— Når kommunen stengjer av på denne måten med ein heiltrekt fortauskant, har me berre moglegheita til å køyra ut midt i krysset, og det kan skapa farlegare situasjonar enn dei me har i dag, seier Grindheim.
Farlegare trafikksituasjon