Einingsleiar Annelin Bauge (t.v.), sommarvikar Ingrid Egeland, avdelingsleiar Bente Markhus Åsheim og Knut Lillemo trivst godt i lag, men treng fleire medarbeidarar å spela på for at sommarkabalen skal gå opp. Foto: Grethe Hopland Ravn
Einingsleiar Annelin Bauge (t.v.), sommarvikar Ingrid Egeland, avdelingsleiar Bente Markhus Åsheim og Knut Lillemo trivst godt i lag, men treng fleire medarbeidarar å spela på for at sommarkabalen skal gå opp.
Einingsleiar i Etne, Doreen Halleland har berre fått inn tre søknadar frå potensielle sommarvikarar i år. Ho skulle hatt det tredobbelte.
Einingsleiar i Etne, Doreen Halleland har berre fått inn tre søknadar frå potensielle sommarvikarar i år. Ho skulle hatt det tredobbelte.

Manglar vikarar i omsorgssektoren

Rekrutteringa av helsepersonell er generelt utfordrande både i Etne og i Vindafjord. Jakta på sommarvikarar er i år meir utfordrande enn nokon gong tidlegare, og pandemien får litt av skulda.

Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje mange vekene igjen før dei første puljane med helsepersonell på omsorgssentera i Etne og Vindafjord kommunar går ut i ferie. Knut Lillemo (92) frå Vikedalsdalen er godt fornøgd, og kjenner allereie godt til Ingrid Engel Lindøe Egeland (20) frå Ølen, som er i gang med sommarjobben ho skal ha. Då ho i fjor sommar kledde seg i arbeidskleda for første gong, hadde ho inga erfaring i omsorgsyrket. Med god opplæring har det gått fint, og 20-åringen oppmodar fleire til å hiva seg med.

Rekrutteringa i år har derimot vore markant dårlegare enn før, og det gir utfordringar når kabalen skal løysast.

Både einingsleiar i Etne, Doreen Halleland, og einingsleiar i Vindafjord Annelin Bauge, har litt igjen før dei er i mål.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS