Marion Mannes Haugland (t.v.), Synne Danielsen og Kristine Hustveit Nybru frå Vikedal henta heim topplassering og pokal frå Gothia cup i Sverige.
Foto: Privat
Henta heim topplassering frå Sverige
Unge fotballtalent i Avaldsnes innfridde ambisjonane.
Kristine Hustveit Nybru (16) frå Vikedal er allereie i ung alder ein del av A-lagstroppen til fotballdamene i Avaldsnes. Under Gothia cup, som er verdas største fotballturnering for ungdommar, var ho med å sikra topplassering med U18-laget i klubben.
— Det har ikkje heilt gått opp for meg at me har klart det, men me er veldig stolte, fortel 16-åringen til Grannar.
Ho fortel at dei hadde ambisjonar om å vinne på førehand. U18-laget består av dei beste spelarane i Avaldsnes som er 18 år eller yngre.