Leif Thorsen gler seg over at den nye frisbeegolfbanen i Ølensvåg er klar. Foto: Svein-Erik Larsen
Leif Thorsen tok initiativ til frisbeegolfbanen i Vågshagen. Han engasjerer seg også for lokalsamfunnet i Ølensvåg Grendautval.
Jona Kolnes Vestreng, Jørgen Voll, og Benjamin Landro siktar seg inn på den sjuande korga.
Jona Kolnes Vestreng, Jørgen Voll, og Benjamin Landro siktar seg inn på den sjuande korga.
På det siste holet får ein ta rennefart på asfalt. Her viser Lyder Thorsen, som vann barnekonkurransen under opninga av banen, korleis det skal gjerast.
På det siste holet får ein ta rennefart på asfalt. Her viser Lyder Thorsen, som vann barnekonkurransen under opninga av banen, korleis det skal gjerast.
Hamnar discen i bekken blir det dropp.
Hamnar discen i bekken blir det dropp.
På det første holet kastar ein disen nedover til holet som kan skimtast rett over stien.
Folven Bergesen trekk særleg fram Ølensvåg, der eit felt i Vågshagen blei etablert, som eksempel på bremsen i marknaden. Delar av ein frisbeegolf-bane blei etablert med midlertidige hol på nokre av tomtene der i 2022. Førebels har ingen av korgene måtte flyttast grunna tomtesal. Arkivfoto
Varaordførar i Vindafjord og lokalbebuar Gustav Løge Fosse prøver seg på hol 6.
Varaordførar i Vindafjord og lokalbebuar Gustav Løge Fosse prøver seg på hol 6.
Utskyttingsrampa på hol 8 skil seg noko frå på dei andre hola.
Utskyttingsrampa på hol 8 skil seg noko frå på dei andre hola.
Kart over banen. Print screen: UDisc
Kart over banen. Print screen: UDisc
Vigdis Vågen treffer korga.
Vigdis Vågen treffer korga.
Barna følgde nøye med då Sindre Skippervik sette banerekord.
Barna følgde nøye med då Sindre Skippervik sette banerekord.

Stadig fleire spelar frisbeegolf

I mai stod ein ny frisbeegolbane klar i Ølensvåg, og i sommar opnar ein annan på Olav Vik på Osnes i Etne. Primus motor for banen i Ølensvåg, Leif Thorsen, gler seg over at tilbodet allereie famnar breitt.

Publisert Sist oppdatert

— Me sette i gang prosjektet fordi dette er ein aktivitet som er kjekk for alle, og ikkje treng å vere organisert. Det blir i tillegg eit alternativ til dei etablerte sportane, seier Thorsen.

For eigen del fortel han med eit glimt i auge at det er ekstra kjekt å få aktivisert dei fire sønene sine.

Vågen Frisbeegolfbane

Distanse:

Hol 1: 70 meter

Hol 2: 52 meter

Hol 3: 55 meter

Hol 4: 55 meter

Hol 5: 110 meter

Hol 6: 62 meter

Hol 7: 44 meter

Hol 8: 73 meter

Hol 9: 70 meter

Par 3 på alle hol.

Lett å spele

Frisbeegolf er kort forklart ein blanding av tradisjonell frisbee og golf, der ein kastar ein disc frå A til B på færrast mogleg kast. Sporten kan spelast av alt frå små barn til dei eldste. Banen i Ølensvåg har ni hol i form av korger (same i Etne), og markerte startpunkt på kvart hol. Alle hola har tre kast som par, altså talet på kast som det blir forventa at du skal greie å treffe korga på.

— Eg synest dei har laga ein veldig fin bane, som passar til folk i alle aldrar, uttala Sindre Skippervik etter å ha sett banerekord med 19 kast.

Avstanden frå startpunkt til korg varierer frå 44- til 110 meter. Med cirka 5.000 skritt og småkuperte hol er banen også god trim i behageleg tempo. For dei som ikkje har prøvd sporten før beskriv Thorsen frisbeegolf som ein sosial utandørsaktivitet der du kan konkurrere både mot deg sjølv og andre.

— Dette samlar veldig breitt. Optimalt er fire spelarar per hol er anbefale, men det kan vere åtte. Mange grupper kan eple samtidig, seier primus motoren bak banen.

Han har kjent til sporten i 15-20 år, og var med i ein klubb i Oslo på slutten av 2000-talet. Med nokre portable korger har han tidlegare plassert ut korger der det har passa seg for å spele. Han var ikkje klar over prosjektet med å lage ein frisbeebane i Etne då han starta, men synest det er tøft at det skal komme ein bane der også. Banen der er noko større, med eit spenn frå 59- 139 meter, med fire hol med par-tre, fire med par-fire og par-fem på det lengste.

Barna følgde nøye med då Sindre Skippervik sette banerekord.
Kart over banen. Print screen: UDisc

Discar til låns

Banen er sentrert rundt leikeplassen i Vågshagen der ein finn både banereglar og ti discar ein kan låne om ein legg dei tilbake etterpå. Ein kan finne kart over hola, samt registrere resultata sine, på appen UDisc, der ein også kan registrere rundar og konkurrere om plassar på topplista.

— Det blei spelt 187 registrerte rundar i løpet av dei to første vekene, fortel Thorsen.

Dei fem første hola er nedanfor leikeplassen, mens dei siste fire er høgare opp i byggefeltet. Hola sine merka startpunkt har utskytingsrampar» der spelarane kan ta rennefart på grus, stein, gras og asfalt. Banen går innom fleire ledige tomter i nærleiken.

— Vindafjord Tomteselskap har vore veldig positive. Dei ser på det som ein vinn-vinn-situasjon, der ein både får skapt eit tilbod i området og vist fram tomtene, forklarar Thorsen.

Kort fortalt nedover på hol 1 og 3, opp ein bakke og over ein bekk tilbake omtrent til starten på hol 1 på hol 3, oppover ein ås på hol 4, nedover langs ein bekk på hol 5, frå leikeplassen og oppover på venstreside av fotgjengarfeltet på 6, oppover i skogen på hol 7, frå ein topp og over vegen på hol 8, og frå ein asfalttopp og tilbake over vegen igjen på hol 9. Spelet på banen sluttar klokka 22.00 på kveldane.
Det ryktes at det går folk å spelar her seint og tidleg
Leif Thorsen, primus motor Vågen Frisbeegolfbane

Godt motteke

Initiativet starta i påsken, og med god respons frå lokalt næringsliv og lokalbefolkninga stod korgene klare allereie rundt 17. mai før banen blei offisielt opna andre pinsedag med snorklipping av varaordførar og lokalbebuar Gustav Løge Fosse (KrF). Allereie før opninga hadde banen blitt flittig brukt.

— Alle er positive. Det ryktes at det går folk og spelar her seint og tidleg. Folk kjem også langvegs frå for å spele, fortel Thorsen.

Primus motoren er glad for å gi eit tilbod, og tenker ikkje noko over kor populær banen skal bli. Responsen på opningsdagen tyder på at den ligg an til å bli ein hit lokalt.

— Det er heilt topp at det har kome bane her. Tilbodet er noko som samlar folk, seier Vigdis Vågen (62).

Eksempel til etterfølging

Vågen jobbar i barnehagen i Ølensvåg ein kort gåtur unna, og vil ta med seg barnehagen på banen. Dei litt eldre barna. Harald Hundhammer (7), Anders Suseg Berge (8) og Peder Thorsen (7) var alle godt fornøgde med banen, og ser for seg å komme tilbake. Også varaordføraren er imponert.

— Det er veldig kjekt med slike initiativ, seier Løge Fosse, som trekte fram banen som eit eksempel til etterfølging under møtet i formannskapet i kommunen veka før.

I alt er det nå over 150 frisbeegolfbanar i Noreg, eit tal som stadig veks. Sjølv om ein ikkje har nøyaktige tal anslår frisbeegolf.no at det er mellom 20.000 og 25.000 som spelar i landet kvart år. Nå er det to nye moglegheiter til å spele den raskt veksande sporten i Vindafjord- og Etne kommune.

På det siste holet får ein ta rennefart på asfalt. Her viser Lyder Thorsen, som vann barnekonkurransen under opninga av banen, korleis det skal gjerast.
Varaordførar i Vindafjord og lokalbebuar Gustav Løge Fosse prøver seg på hol 6.
Vigdis Vågen treffer korga.
Jona Kolnes Vestreng, Jørgen Voll, og Benjamin Landro siktar seg inn på den sjuande korga.
Hamnar discen i bekken blir det dropp.
På det første holet kastar ein disen nedover til holet som kan skimtast rett over stien.
Vindafjord Tomteselskap sel tomter i området banen ligg på.
Utskyttingsrampa på hol 8 skil seg noko frå på dei andre hola.
Powered by Labrador CMS