Albert Inge Rafdal var den siste som fekk laks i Etne i år.
Foto: Privat
Fekk årets siste laks
Etter at 575 laks på til saman 2.409,1 kilo har blitt fiska opp, er laksesesongen i Etneelva over for denne gongen. Albert Inge Rafdal (53) blei den siste til å landa ein fangst.
— Den kjennest kjekt å få fisk, men samtidig vemodig at sesongen er over, seier etnebuen Albert Inge Rafdal.
Måndag klokka 22.25 fekk han opp ein laks på 1,3 kilo i Sørelva.
God sesong
Årets fangstresultat er ein kraftig oppgang frå i fjor då det blei fanga totalt 341 laks på til saman 1478,5 kg. For Rafdal viser sluttrekneskapen fem laks til ei totalvekt av 19,1 kg, samt fire sjøaure til ei samla vekt på 7,1 kg. To av laksane og ein aure kom under siste økt måndag kveld.
— Hadde du spurt meg på dagtid måndag hadde eg vore mellomfornøgd med sesongfangsten, men med kveldens fangst ordna det seg, fortel Rafdal.
Fangsten av sjøaure var cirka den same i 2022 (124 på 198,8 kg) og 2021 (127 på 174,4 kg). Fiskarane slepp all sjøauren dei frå fri i elva igjen (catch and realese) etter at dei har fått den opp. Totalt blei det fiska fem laks på over ti kg. Den tyngste, på 12 kg, fekk leiar av laksefella, Per Tommy Fjeldheim.