Erling Lien jr. blei som dei andre finalistane intervjua på direkten av NRK. Foto: Skjemdump/NRK
Erling Lien jr. blei som dei andre finalistane intervjua på direkten av NRK. Foto: Skjemdump/NRK

Blant dei beste ungdomsskyttarane

Syskena Erling og Ragnhild Lien gjorde det sterkt under den innleiande skytinga på Landsskyttarstemnet i Bodø. Det gav resultat og plass i ungdomsfinalen på Erling..

Erling og Ragnhild frå Ølen skyttarlag, skaut i same pulje i den  innleiande runden på Landsskyttarstemnet i år. Der enda Erling med 241 poeng ,som gjev han plass på det NRK-sendte «Ungdomslaget» klokka 17:10 i kveld.

Syster Ragnhild var millimeter frå ein plass på kongelaget, men hamna heilt i toppen av klasse 3-5 med sine 245 poeng. Ho har nettopp skote sin finale i Bodø, der ho fekk 94 poeng som heldt til 339 poeng totalt.

– Eg er godt nøgd med skytinga mi, sa Ragnhild etter skytinga.

Kl. 17:35 startar sendinga på NRK1 frå Ungdomslaget med Erling Lien jr i elden.

Siste

Erling Lien jr. frå Ølen skyttarlag enda som nummer elleve av dei 15 skyttarane under 20 år, som var kvalifisert til å delta på Ungdomslaget.

I den direktesendte finalen på NRK1-tv skaut han 98 poeng i finalen. Fem av skota var innertiar. Lien fall éin plass under tevlinga.

Finalistane blei intervju på direkten av NRK etter at dei hadde skote dei ti skota. Som mange andre av dei unge skyttarane svarte også Lien at konkurransen var prega av nervar.

— Det var nok puls under jakka, men det var ei god erfaring, sa den unge ølensbuen.

Sveibuen Olve Grønås Birkeland, som representerer Haugesund og Sveio skyttarlag, blei suveren vinnar av Ungdomslaget. Han er også kvalifisert til å delta på Kongelaget, den gjævaste klassen, seinare onsdag kveld.