Volleyballjentene frå Vindafjord viste både ferdigheiter og samhald på banen, då dei møtte Sandnes VBK i 16-delsfinalen i Norgescupen på heimebane. Foto: Anita Haugland
Volleyballjentene frå Vindafjord viste både ferdigheiter og samhald på banen, då dei slo Sandnes VBK i 16-delsfinalen i Norgescupen på heimebane i fjor. Etter Vindafjord-siger i Regionscup Rogaland er det klart for ein ny NM-kamp mellom laga.

Laga spenning til siste slutt

Publisert Sist oppdatert

Vindafjord – Sandnes VBK 3-2

Norgescup – 16-delsfinale

Stad: Vikedal idrettshall

Dato: 23. oktober 2022

Førstedommar: Asle Halleraker

Andredommar: Trond Krogsæter

Publikum: Ca. 70

Vindafjord IL

Astrid Skogen (3)

Vera Gjerde (11)

Ingeborg Klæboe Moland (5)

Tiril Våg Skjold (1)

Siri Aasgård (14)

Bertine Skipevåg Tveit (12)

Melina Mol (6)

Kaja Flatekvål (10)

Ida Sofie Staknes (2)

Norma Imsland (4)

Jenny Jalsua (18)

Josefine Wigestrand (17)

Lina Aarhus (8)

Trenarar: Anne Berit Skipevåg Tveit og Eydis Dalen

Sandnes IL

Birte Cintia Eilander (10)

Nathalie Holtet Stokka (12)

Lisa Kallenbach (16)

Andrea Nerbø Persøy (2)

Astrid Dahl Nøttestad (1)

Inga Rabben Reimers (8)

Henrikke Søndergaard Munthe (11)

Henriette Monsen Tjemsland (15)

Stine Røknes Svinsaas (6)

Trenar: Kristine Rørtveit

Søndag var det 16-delsfinale i volleyball i Norgescupen. Den blei spelt mot 1.divisjonslaget Sandnes VBK i idrettshallen i Vikedal. Omlag 70 publikummarar tok turen for å heie og sjå volleyball på høgt nivå.

Unge møtte eldre

Laget frå Vindafjord består hovudsakleg av 17 år gamle jenter, men to av dei er eit par år eldre. I gjengen er det heile fire av spelarar som har vore innom aldersbestemte landslag. Motstandardlaget består av meir rutinerte spelarar i 1. divisjon.

— Det er stas å få ein storkamp her. Blir det siger i dag, kjem eit eliteserielag til Vikedal for å spele neste kamp, fortel Karine Anette Orset Klæboe, som i kampen hadde rolla som speaker.

Kampen gjekk litt opp og ned

Bertine Skipevåg Tveit

Best frå start

Det var Vindafjord-jentene som starta kampen best. Dei tok dei første poenget i kampen, men laget frå Sandnes sytte for at omgangen lenge var spennande. På stillinga 23-20 stoppa poengsankinga for gjestene, og Vindafjord vann settet 25-20. Etter sidebytet viste gjestene at også dei kan sine saker. På stillinga 15-20 valte Vindafjord-trenar Anne Berit Skipevåg Tveit å ta ein time out, men gjestene heldt fram med å ha overtaket. Til slutt vann dei settet 20-25. Laila Straum Stange var blant publikummarane som følgde spent med på kampen. Ho er imponert over innsatsen til dei unge spelarane frå Vindafjord.

— Eg er tante til spelar nummer tre, Astrid Skogen, og det er veldig spennande å følgje med når ho spelar, fortel Stange til Grannar.

Trenar Anne Berit Skipevåg Tveit kjem med innspel i ein time out til spelarane på Vindafjord.

Styrka laget

Ifølgje trenar Anne Berit Skipevåg Tveit er heimelaget jamt over svært gode. Difor valte ho heilt bevisst å bruke alle spelarane i kampen. I sommar fekk troppen også forsterkingar utanfrå, i samband med at elevar som går på toppvolley-linja på Sand, signerte for Vindafjord. Dei nye signeringane er Siri Aasgård, Melina Mol, Kaja Flatekvål og Josefine Wigestrand.

Femte sett blei avgjerande

I tredje og fjerde sett var det heimelaget som stakk av med den største poengfangsten, på stillinga 25-17. Deretter tok Sandnes VBK grep om kampen igjen, og vann fjerde sett på stillinga 20-25. Til slutt var det Vindafjord som kunne sleppe jubelen laus for vidare avansement i Norgescupen, på stillinga 15-5.

Opp og ned

Bertine Skipevåg Tveit, som nyleg har vore på samling med ungdomslandslaget, er svært godt nøgd med siger, men fortel at laget har litt å gå på.

— Kampen gjekk litt opp og ned. Me er ikkje blitt heilt samkøyrde enno, sidan me har mange nye på laget. Det var veldig gøy å få starta, og at me fekk prøvd litt forskjellig, seier Tveit til Grannar.

Ho sette pris på å spele kampen på heimebane.

— Det har ikkje skjedd før, men det var god stemning, seier den talentfulle volleyballspelaren.

— Hadde du turt å håpe på siger før kampen?

— Eg hadde ikkje dei heilt store forhåpningane, sidan me ikkje har spelt så mykje saman før, men det var veldig gøy.

Powered by Labrador CMS