Sjå bilete frå Den store kinodagen
Den store kinodagen trakk mange folk til Skakke laurdag. I tillegg til mange filmar var det teiknekonkurranse, rebusløp, quiz og tippekonkurranse, hjulspinning, hår- og neglestell, sminking, moteframsyning og god mat i kiosken.
Emilie Eikemo (7) var blant dei heldige som vann ein liten bamse på lykkehjul. Som mange andre hadde ho også med seg ein større teddybjørn til den utselde førpremieren til Teddybjørnens Jul i kinosalen. Også Lille, Ville, Krokodille i litlesalen var utseld.
Før Mrs. Harris goes to Paris fekk publikum servert både te, kake og mannekengoppvisning. Heile Skakke var prega av fornøgde barn gjennom dagen. Seinare på ettermiddagen starta filmar som blant anna Krigsseileren, som retter seg meir mot vaksne kinogjengarar.
Annonse
Les meir om Den store kinodagen i papirutgåva av Grannar på måndag og på nett framover og sjå video frå dagen her: