Marte Vestbø Tokheim er plasstillitsvalt for Utdanningsforbundet ved Ølen skule. Ho er skeptisk til forslaget om å utvide ungdomsskulen.Foto: Grethe Hopland Ravn
Marte Vestbø Tokheim er plasstillitsvalt for Utdanningsforbundet ved Ølen skule. Ho er skeptisk til forslaget om å utvide ungdomsskulen.
Tale Skjensvoll, Johannes Løhaugen, Maria Tjelmeland og Matei Andre Pop er fire tiandeklassingar ved Enge skule, som også er skeptiske til at ungdomsskulen er føreslått fireårig.
Tale Skjensvoll, Johannes Løhaugen, Maria Tjelmeland og Matei Andre Pop er fire tiandeklassingar ved Enge skule, som også er skeptiske til at ungdomsskulen er føreslått fireårig.

Støttar ikkje utvida ungdomsskule

Tillitsvalt i Utdanningsforbundet Marte Vestbø Tokheim ved Ølen skule har ikkje tru på forslaget frå Høgre som vil at 4-årig ungdomsskule og bachelor-oppgåve skal auka elevane si meistring og læringsglede. Elevar ved Enge skule trur heller ikkje det er fasiten.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag denne veka la Erna Solberg og Jan Tore Sanner frå Høgre fram forslag om 80 tiltak som skal auka meistring og læringsglede på ungdomsskulen, og som vil gjera elevane betre fagleg førebudde for vidaregåande skule. Det er spesielt to punkt på lista som har fått debatten til å gå heitt føre seg. Det eine er eit forslag om å auka ungdomsskulen frå tre til fire år, der elevane startar i ungdomsskulen allereie i 7. klasse.

Det andre er eit forslag om å innføra ein tverrfagleg prosjekteksamen som tar utgangspunkt i tverrfaglege tema. Denne oppgåva blir også omtala som bachelor-oppgåve, og skal gjennomførast i skuletida. Målet er at elevane skal visa meir av djupnekunnskapen sin.

— Eg trur ikkje dette er medisinen for umotiverte elevar. Skal me få motiverte elevar som meistrar skulekvardagen, må me først og fremst sikra kvalifisert personell. Lærarar som er utdanna lærarar. Det er det første eg tenker på. Denne reforma vil heller vera med på å avskilta lærarar, seier Marte Vestbø Tokheim som har vore utdanna lærar sidan 2017.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS