enge skule 1 mars 2022

Vil ha svar frå foreldre om SFO

Etne kommune har laga ein kort undersøking om gratis kjernetid i SFO. Undersøkinga går til alle som føresette som har elevar i 1. klasse.

Publisert Sist oppdatert

Bakgrunnen for undersøkinga er at det er innført kjernetid på tolv timar i veka. Kjernetida i Etne er sett til ein time før skulestart og ein time og 24 minuttar etter skuletid.

Kommunen ønskjer å høyre kva føresette meiner. Det er avkryssing på tre heilt enkle spørsmål; Kva skule går eleven på? Nyttar eleven SFO? Er dette (kommunen si organisering av kjernetida) ei ordning som passar for deg og din familie? På det siste spørsmåla rangerer ein på ein skala frå 1 til 5 kor einig ein er. I tillegg er det eit valfritt spørsmål med ope felt ein kan fylle inn; Er dette ei ordning som passar for deg og din familie?

Ein tar undersøkinga på kommunen si nettside-. Frist for å svare er søndag 29. januar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS