Modolf Haraldseid og Solvår Langeland var blant dei som løfta opp uro for konsekvensane av å løfte maksprisen på leige av kommunale bustadar. Foto: Svein-Erik Larsen
Modolf Haraldseid og Solvår Langeland var blant dei som løfta opp uro for konsekvensane av å løfte maksprisen på leige av kommunale bustadar.

Bekymra for prisauke

Same dag som Solbakken offisielt blei opna, presenterte kommunedirektør i Vindafjord, Yngve Folven Bergesen, eit forslag om å auke makssatsane på kommunale bustadar til 9.000 kroner i formannskapet. Fleire politikarar uttrykte skepsis til konsekvensane dette kan få.

Publisert Sist oppdatert

— Desse leigetakarane har ofte låge inntekter, poengterte Modolf Haraldseid (H).

Målgruppa for kommunale bustadar og omsorgsbustadar er personar som er vanskelegstilte på bustadmarknaden av enten økonomiske, sosiale eller helsemessige årsaker.

Lenge sidan sist justering

Bakgrunnen for kommunedirektøren sitt forslag til prisjustert prinsipp for husleigefastsetjing på minimums- og maksimumstakst er at det er vedteke eit prinsipp om at dette skal justerast og behandlast politisk annakvart år. Dette blei likevel sist gjort i 2016.

I forslaget skriv Folven Bergesen at kommunen sine utrekningar for husleige skal vere i tråd med prinsipp om husleigefastsetting, der kostnadsdekkande husleige er utgangspunktet. I praksis har denne vore regulert av gjeldande minimum- og maksimumstakst. Dermed har alle i kommunale bustadar etter 2016 betalt mellom 4.400 og 7.000.

Kommunedirektøren konkluderte med at ny mimumstakst for nye leigetakarar etter 15. januar er 5.000 i månaden, mens maksimumstaksten er ei månadlege husleige på 9.000. I følgje SSB sin husleigekalkulator har det vore ei prisstiging på 22 prosent frå mai 2016 til desember 2022. Dette gir endring i minimum- og maksimumstakst til 5.370 og 8.540. At Folven Bergesen likevel vil justere makstaksten opp til 9.000 skuldast at Solbakken held høgare standard enn alle kommunale bustadar i 2016.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS