Det er i denne vika ein ser føre seg å bygge ei god hamn for dei fastbuande på Eikemo: Nils Kjetil Eikemo (t.v.) og Geir Arne Eikemo
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ber kommunen ta over
I formannskapet var båthamn på Eikemo nok ein gong tema, og grunneigarane i den veglause grena i Åkrafjorden ønskjer no at kommunen skal overta prosjektet med bygging av båthamn.
I eit brev til politikarane frå grunneigarane på Eikemo ber dei kommunen om å overta prosjektet med å bygga småbåthamn, i tillegg til å rusta opp den kommunale kaien på Eikemo-sida av Åkrafjorden. Planen var i utgangspunktet at grunneigarane skulle handtera prosjektet sjølv, og Etne kommune løyvde allereie i 2021 halvannan million kroner i tilskot. Grunneigarane tenkte dei endeleg skulle få på plass både kai og småbåthamn etter å ha venta i mange år, men så enkelt var det ikkje likevel.
Sjølv om reguleringsplanen var klar var det fleire ting som kom overraskande på grunneigarane: Flaumsikring og prosjektering var to av dei, og på toppen kom krigen i Ukraina som sende prisane til vêrs. No føreslår grunneigarane at kommunen overtar heile prosjektet, og at dei dannar eit båtlag og kjøper anlegget tilbake for 500.000 kroner og overtar hamna juridisk. Dei vil også ha ansvaret for all framtidig vedlikehald og utgifter, står det stila i brevet til kommunen.
Må rekna på nytt