Biovind er på leiting etter investor
På landbrukskonferansen i Ølen mandag, informerte gründer og styreleiar Rune Furseth litt om vegen vidare for Biovind AS. To gonger har biogass-prosjektet fått avslag om økonomisk stønad frå Enova, men på konferansen kunne Furseth informera at dei ikkje legg inn årane.
Biovind AS er no aktivt på søk etter investorkapital for anlegget til 400 millionar.
I lag med styreleiar Torleif Stople frå Biobonden AS, fortalde Furseth at vegen går vidare for planane på den allereie godt tilrettelagte tomta i Ølen Næringspark på Nerheim. Rett nok er dei no avhengige av å få inn kapital utanfrå.
Biobonden AS organiserer dei 59 lokale bøndene som skal levera råstoff til biogass-anlegget. Tilbake får dei tørrstoff etter at gassen er tatt ut på anlegget. Det er eit potensiale for bonden i dette som kan medføra halvering av gjødselsforbuket på garden.
Selskapet vil vera forhandlingsparten til Biovind AS om leveransane av gjødsel frå gardene.
Oppskalering
I tida dette prosjektet har blitt omtala har det vore ulike berekningar av anlegget sin totale kostnad. Under landbrukskonferansen kom Furseth med oppdaterte tal som er ein del høgare enn tidlegare.
– Dei auka kapitalutgiftene skuldast ein kombinasjon av oppskalering av anlegget i form av auka produksjon av flytande biogass og CO2, og dessutan stor prisauke sist hasut, på komponentar og arbeid, seier Furseth.
Eigarstrukturen i selskapet er uendra trass i dei to avslaga frå staten gjennom Enova. Det vil i hovudsak seia at Biobonden, Nortura og Fatland er med vidare, i tillegg til Furseth sjølv og andre lokale aksjeeigarar.
Som råstoff for å produsera flytande biogass og CO2, vil bøndene i Biobonden AS levera rundt 120.000 tonn gjødsel frå eigne gardar. Slakteria vil bidra med 12.000 tonn slakteriavfall til anlegget. Anlegget er teikna for å ha ein kapasitet til å ta inn meir råstoff enn kva eigarane representerer.
Høgt tempo
Rune Furseth opplyser at byggetida på anlegget vil vera rundt to år. Målet er å vera klar for produksjon i 2025. Så det ligg i korta at søk etter investor er starta, og han seier at dei vil bruka dei neste månadene på å få dette på plass.
Han opplyser òg at dei reknar med at anlegget vil få 10 til 15 tilsette.
Fyllestasjonar
Furseth brukte også taletida på konferansen til å snakka om dei åtte fyllestasjonane som skal etablerast mellom anna i Stavanger, Bergen og Aksdal. Her vil tungtransporten kunne fylla flytande biodrivstoff etter same prinsipp som andre tankanlegg langs vegane.
Til dette har Sandeid-gründeren fått noko over 7 millionar i Enova-støtte. Han eig selskapet Biogass Energi AS saman med Knapphus Energi AS og ST1 Norge AS.