Dagleg leiar Margrethe Brantsæter i Norsk Fjørfelag trur ikkje norske forbrukarar skal bekymre seg.
Foto: Karianne F. Ingerø, Norsk Fjørfelag / NTB/ NPK
Eggprisane skyt i vêret verda over – men i Noreg er ikkje påskekosen i fare
Prisane på egg har eksplodert i ei rekkje vestlege land, og fugleinfluensa og produksjonskostnadene får skulda. Bransjen fryktar ikkje det skal skje i Noreg.
I desember 2021 måtte den gjennomsnittlege amerikanske bybuaren betale 1,79 dollar for eit dusin store egg. Knapt eit år seinare var gjennomsnittsprisen 4,25 dollar, viser statistikk frå St. Louis Fed
, ein av USAs 12 regionale sentralbankar. 4,25 dollar svarer til cirka 42,5 kroner. Lokalt er prisane ofte høgare, og det er store svingingar.
I eit år der matprisane i USA steig med 11,8 prosent var det mange amerikanarar som måtte stramme inn på livreima. Prisane på egg har likevel vorte eit av dei største samtaletemaa landet over.
Ofte er eggjehyllene i butikkane tomme, og når egga først er i butikken, er det avgrensingar på kor mange kartongar kvar kunde får ta med seg.