Frontkollisjon mellom bil og lastebil
Klokka 06.56 måndag morgon fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E134, Fikse, like nord for kommunegrensa til Etne. To personbilar og ein lastebil var involvert. Det var ein person i kvar bil, ein av dei sat fastklemt i den eine personbilen. Den eine personbilen og lastebilen kolliderte front mot front. Ein er kritisk skada og vil bli flydd til Stavanger sjukehus. Det er glatt på staden. Dette melder Politiet i Sør-Vest på Twitter.
07.08 melder Vegtrafikksentralen at vegen er stengt. 08.50 står trafikken framleis i ro. Vegvesenet sett forventa sluttid til 10.00.
09.32 skriv politiet at bilbergar jobbar med å tau vekk køyretøy frå ulykkesstaden. Det kan ta ein del tid og det er førebels usikkert når vegen kan oppast igjen. Vegvesenet har justert forventa opning til klokka 12.00.
Rett over 11.20 opplyser operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, John Ask, at det framleis er usikkert når vegen kan opne.
— Lastebilen har komme litt ut i grøfta. Dette er har gjort redningsarbeidet litt komplisert, seier Ask.
Han seier at politiet ønskjer å få i gang igjen trafikkflyten så fort som det er mogleg.
12.18 meldte politiet at trafikken blei dirigert i eitt felt mens bilbergar jobba med å få lastebilen opp frå grøfta og opp på vegen. 12.43 oppdaterer Vegtrafikksentralen med at vegen nå er stengt mens det blir jobba med berging av lastebilen. Vegvesenet skriv at forventa sluttid er 14.00.
Klokka 13.00 melder Vegtrafikksentralen at vegen nå er open med manuell dirigering. Bergingsarbeid held framleis fram.
Seksjonsleiar ved Etne- og Vindafjord Politistasjon, Kari Rørtveit, opplyser at personen som blei flydd til sjukehus er ei kvinne i 30-åra som er busett i Grannar-distriktet. Like over 17.00 sendte Operasjonssentral Sør-Vest ut pressemelding om at kvinna omkom.