Korona hindrar Statnett søkjer om å byggja ny kraftleidning frå Blåfalli til Gismarvik.Illustrasjonsfoto: Statnett
Statnett har konkludert med at straum i luftlinje er er mykje rimelegare enn sjøkabel.

NVE: Ja til bygging av kraftleidning i luftspenn via Etne og Vindafjord

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tilrår at Olje- og energidepartementet gir Statnett løyve til å byggja ein ny 420 kV luftleidning mellom Blåfalli i Kvinnherad og Gismarvik i Tysvær. Etaten seier eit klart nei til sjøkabel.

Publisert Sist oppdatert

Dette kjem fram av ei pressemelding frå NVE onsdag kveld. Tilrådinga er inkludert ny transformatorstasjon i Gismarvik og utviding av koplingsstasjon.

Bakgrunnen for tilrådinga er at det er naudsynt å auka straumforsyninga i området for å leggja til rette for auka forbruk, heiter det i meldinga frå NVE.

Tilrådinga inneber trasé via Etne og Vindafjord, i ein trasé som blant anna Etne kommune har gått imot. Spesielt i Etne har motstanden mot det som vil bli monstermaster og inngrep i naturen, vore stor. Ei aksjonsgruppa har i lengre tid jobba sterkt for at kraftleidninga heller bør leggjast i sjøen for å spara naturen for inngrep.

Departementet overtar

NVE viser til at Statnett grunna industriutvikling og meir forbruk ønskjer å byggje ein ny 420 kV kraftleidning inn til Haugalandet.

— Me meiner at leidninga og den nye transformatorstasjonen er naudsynt for å leggja til rette for den planlagde industri- og samfunnsutviklinga i regionen, seier Inga Nordberg, direktør i energi- og konsesjonsavdelinga til NVE, i pressemeldinga.

Inga Nordberg i NVE.

NVE tilrår at Statnett må ha signert avtale om anleggsbidrag med minst ein større kunde før dei startar bygginga av leidninga.

Det er Olje- og energidepartementet (OED) som nå tar over saksbehandlinga og tar den endelege avgjerda.

NVE tilrår følgjande trasé

Leidninga vil vere om lag 88,4 km lang. Den skal gå gjennom kommunane Kvinnherad og Etne i Vestland fylke, og Vindafjord og Tysvær i Rogaland fylke. Det har vore vurdert ei rekkje traséalternativ på ulike strekningar på leidninga, ei oversikt over desse finn ein i søknaden og i NVE si innstilling. Etter ei vurdering av dei samla konsekvensane, tilrår NVE at leidningen bør byggjast som luftleidning i følgjande trasear:

  • Frå Blåfalli koplingsstasjon i Kvinnherad til Litledalen i Etne kommune i trasé 1.0A.
  • Frå Litledalen i Etne via Strypeheiane til næringsområdet på Nerheim i Vindafjord kommune i trasé 1.0B2-1.0C2-1.0C.
  • Frå Nerheim til Skjoldastraumen via Tørsdal i Vindafjord og Tysvær kommunar i trasé 1.0D-1.52.
  • Frå Skjoldastraumen via Dueland, Sauahøgda og Klovning til Gismarvik transformatorstasjon i Tysvær kommune i trasé 1.0F2-1.0G-1.0G3-1.0H.

Tilrår tiltak for å redusera ulempene

— Utbygginga vil gi verknader for naturmangfaldet og ålmenta. Av dei traseane Statnett har søkt om, har me difor vore opptatt av å finna den traseen som gir minst negative verknader for areal, miljø, busetnadar og jordbruk, understrekar Nordberg.

For å redusera ulempene for omgjevnadene, tilrår NVE at Statnett blir pålagd å utføra ei rekkje tiltak. Eit eksempel er avgrensa skogrydding under spenna på begge sider over Åkrafjorden, Stordalsvatnet i Etne, Førlandsfjorden, og på fleire strekningar i Etne og Tysvær. NVE tilrår at det vert sett igjen vegetasjon som skjerming ved Blåfalli koplingsstasjon og ved busetnader på Klovning i Tysvær.

NVE tilrår vidare at Statnett vert pålagd å montera fugleavvisarar på leidninga på strekninga over Frønsdal i Vindafjord, over Skjoldafjorden til Vårå, ved Erlandstjørna og Storavatnet i Tysvær. Statnett bør også påleggjast å montera fugleavvisarar på spenna over Åkrafjorden, Stordalsvatnet og Førlandsfjorden.

Tilpassa anleggsarbeid

NVE tilrår at det blir sett vilkår om at Statnett unngår anleggsarbeid i hekketida for rovfugl på enkelte strekningar i Etne og Tysvær.

Anleggsarbeid og bruk av helikopter kan også forstyrra beitedyr og jakt. Statnett bør difor påleggjast å informera i god tid og ha dialog med grunneigarar med beitedyr og jaktvald for hjortejakt.

NVE tilrår at det blir sett vilkår om at det skal utarbeidast ein miljø-, transport- og anleggsplan (MTA-plan), som vil tryggja at Statnett tek berørte interesser med på råd. Det gjeld både i detaljplanlegginga og i gjennomføringa av anleggsarbeid og skogrydding. Planen skal godkjennast av NVE før anleggsstart.

30-40 personar møtte til markering på Strype 2. pinsedag i fjor, for å markera motstand mot kraftlinjer i fjellet.

Nei til sjø- eller jordkabel

NVE tilrår ikkje å byggje sjø- og jordkabel på denne strekninga.

— Me meiner kabel vil innebere ein for høg risiko for drifta av straumnettet i området, og for dårleg kvalitet i straumforsyninga. Dette er i samsvar med Statnett si vurdering. I tillegg vert kostnadane svært mykje høgare enn for luftleidning. Dette er kostnader som eventuelt må dekkjast inn som ein del av nettleiga. NVE tilrår heller ikkje sjø- og jordkabel som avbøtande tiltak på mindre delar av strekninga. Sjø- og jordkabel gjev òg store inngrep i naturen i likskap med luftleidning, seier Norberg.

Saka er nå avslutta hos NVE og OED tar over den vidare sakshandsaminga

Powered by Labrador CMS