Kristian Birkeland er blant dei som står i kø. Foto: Nils Tokheim
Kristian Birkeland er blant dei som står i kø.

Snartur enda i timelang kø

Tidlegare rådmann i Vindafjord kommune Kristian Birkeland er ein av dei mange som står i kø måndag morgon ved Olalivegen på veg austover.

Publisert Sist oppdatert

— I perspektiv gjer det ingenting om eg som pensjonist står her nokre timar. Tankane mine er hos dei som er involvert i ulykka og deira pårørande, seier Birkeland.

Han er på veg til Håfoss der kona har eit hus, men hadde vore heime i Haugesund ein snartur for å henta verktøy dei hadde gløymt.

— Det var tankevekkjande å vera vitne til helikopteret som letta her borte like etter at eg kom hit rundt klokka 08:20, avsluttar han.

Klokka 06.56 måndag morgon fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E134, Fikse, like nord for kommunegrensa til Etne og vegen blei følgeleg stengt i timesvis.

Powered by Labrador CMS