Familien kjem seg ikkje  tilbake til kaien på Viskjer. Her ringer Geir Arne Eikemo for å få kontakt med omverda. Foto: Privat
Familien kjem seg ikkje tilbake til kaien på Viskjer. Her ringer Geir Arne Eikemo for å få kontakt med omverda. Foto: Privat

Barnefamilie sat isfast i fjorden

Arnstein Tyse Hansen og familien har vore på vinterferie på hytta si på Eikemo og skulle heim på laurdag. Gradvis frysning gjennom veka og laurdagen gjer at heimferda deira stoppa midt i Åkrafjorden. Rett over 14.30 kom dei seg verken tilbake til Eikemo eller kaien på Viskjer.

— Me har litt mat, så me klarar oss nokre timar, men må få hjelp snart, fortel Tyse Hansen i telefon frå båten.

Han seier at han aldri har opplevd noko liknande. Saman med kona og dei tre barna deira sitt dei på med båten til Geir Arne Eikemo. Båten reiste frå Eikemo cirka ein halvtime før dei ringer Grannar. 

— Ungane er litt redde, seier Tyse Hansen.

Første gong

Dei kom til hytta si på måndag. Hytta blei bygd i 2020. Tyse Hansen fortel at det har vore ein fin vinterferie fram til dei blei sittande fast i fjorden. Han oppmodar dei som eventuelt kan hjelpe på noko vis til å ta kontakt. Familien bur på Karmøy, men har tilknyting til Eikemo gjennom kona til Tyse Hansen, som er i slekt med Geir Arne Eikemo.

Geir Arne Eikemo opplyser at vêrforholda var betre då dei reiste frå Eikemo. På alle sine år i heimbygda er dette første gong han har sitte fast i fjorden. Etter at det har vore utfordrande forhold med is sidan sist laurdag er han oppgitt over at Etne kommune ikkje har reagert.

— Kommunen har ansvar for innbyggjarane. Eg har ikkje høyrt eit ord. Dei søv i timen, seier Eikemo.

Slepebåt på veg

Assisterande driftsleiar for Mowi si avdeling på Fjæra, Tor Kleppa, opplyser i ein e-post 15.33 at Mowi har kontrahert slepebåt til å bryte is i Åkrafjorden. Båten er eigd av Dåfjorden Slipp. Denne har brote opp is sidan torsdag, og vil gå i fjorden ei vekes tid til.

Familien kjem seg ikkje tilbake til kaien på Viskjer. Her ringer Geir Arne Eikemo for å få kontakt med omverda. Foto: Privat

— Eg har vore i kontakt med båten, som opplyser at dei er på veg til å hjelpe familien som sit fast utanfor Eikemo, skriv Kleppa.

Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim opplyser at Etne kommune ikkje har blitt kontakta om forholda og først såg informasjonen i Grannar. Sidan har ho avklart med Kleppa at slepebåten er på veg for å hjelpe familien.

Klokka 16 fortel Arnstein si kone Elin Tyse Hansen til Haugesunds Avis at familien har komme seg trygt på land på fastlandet etter å ha fått hjelp av Mowi sin isbrytar.