Det er framleis trong for at lokalavisa seier frå når noko bør påpeikast i kommunen og lokalsamfunna, skriv lesarbrev-forfatteren.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Debatt
Kjært er minnet
Meiningslaus avis har 50-åringen Grannar aldri vore. No blir nye tider varsla: Det er slutt på leiarartiklar frå redaktøren i lokalavisa for Etne og Vindafjord.
Noko av det mest meiningsfulle eg gjorde som ung redaktør i Vindafjordingen (VF) 1984-1985, var kvar veke å skriva leiar i lokalavisa for tidlegare Vindafjord. Ein av leiarane mine hadde datoen 20. september 1984 og overskrifta Dødt ordskifte». Som redaktør etterlyste eg svar frå ordførar og rådmann på lesarinnlegg om det som seinare skulle bli Vindafjordhallen.
Ordførar Trygve Mikal Viga skreiv i neste nummer av VF at han først hadde tenkt å svara på det aktuelle lesarinnlegget. Det gjekk over to månader før enn han til slutt endeleg gjorde det likevel. Kan hende redaktøren sine refleksjonar om Dødt ordskifte» i siste nummer av VF var ei medverkande årsak.»