Farvel leiar – leve debatten!
Ei av Grannar sine viktigaste oppgåver er å skape engasjement og debatt i bygdene i Etne og Vindafjord. Det er gjennom levande debatt og meiningsutveksling at nye idear blir fødde og lokalsamfunna blir utvikla. I 50 år har Grannar bidrege til dette. Både gjennom val av tema og kva saker vi lagar journalistikk på, gjennom publisering av lesarbrev – og gjennom å ytre avisa si sjølvstendige meining i eiga leiarspalte. No legg me ned leiaren, og me skal forklare kvifor.
Leiaren i norske aviser var opphaveleg, for veldig lenge sidan, ei spalte kor redaktøren gav uttrykk for sin private politiske ståstad. Seinare, gjennom 1970- og 80-talet kom partipressa, som i leiarane sine gav uttrykk for partia sine ståstadar. I den tida måtte også journalistane i avisene dele synet til avisa. Slik er det heldigvis ikkje lenger. Det skal understrekast at Grannar har aldri vore ein del av partipressa. Leiaren i Grannar har gitt uttrykk for avisa si sjølvstendige meining. Det trur me har hatt ein verdi, og avgjerda om å legge ned spalta er difor noko me har tvila oss fram til.
Grannar skal framleis vere arena for lokal debatt