Anne Lise Frøkedal er svært glad i naturen, og spesielt naturen ved friluftsområdet, Olav Vik. Her tilbringer ho gjerne mykje tid, og har feira bursdagen sin her i mange år.
Anne Lise Frøkedal kjem til jubileet for å halda minikonsert. Foto: Grethe Hopland Ravn

I kveld inviterer Grannar til fest

Sist veke var det 50 år sidan Grannar for første gong hamna i postkassane til folk, og i kveld er det duka for stor fest på Sjøperlo i Ølen. Har du lyst til å vera med – er du hjarteleg velkommen til gratis feiring av lokalavisa.

Til samanlikning med andre aviser er Grannar framleis ei ung avis, men 50 år er verd ei feiring og invitasjonen går ut til alle innbyggjarar i Grannar sitt nedslagsfelt. Torsdag kveld blir det foredrag med Kjersti Løken Stavrum som vil snakka litt om korleis det står til med ytringsfridomen i Noreg. Er nordmenn blitt troll og den offentlege debatten full av hat og hets?, spør Stavrum. Sølve Kuraas Karlsen frå Faktisk.no vil snakka litt om falske nyheiter – og kva det eigentleg er. Kven står bak? Kvifor blir falske nyheiter laga og korleis påverkar dei oss og demokratiet? Karlsen vil visa skremmande eksempel på korleis me blir lurte.

På scenen

Eit stor trekkplaster denne kvelden er show med BAdesKen, alias Ken André Ottesen, som har gjort det til levebrød å «godhjarta harselera» med lokalavisene. På sin Instagram-konto BAdesKen publiserer han dagleg skjermdumpar frå lokalaviser som på ein eller annan måte har gått på ein smell, vore litt uheldige med formuleringa av titlar, eller som har bomma ein smule på bruk av bilde. Dette har tydelegvis slått an hos publikum, både på Instagram og showa han for tida reiser rundt med i det ganske land. Show som stort sett er fullstappa av nysgjerrige tilskodarar.

Frå scenen vil publikum også få med seg ein todelt minikonsert med Anne Lise Frøkedal, som har tatt turen frå Oslo til heimtraktene for å synga og spela.

Kake til alle

Styreformann i Grannar, Øyvind Valen, kan opplysa at dette skal vera ein fest for alle innbyggjarane i Etne og Vindafjord, og at ein gjennom kvelden vil få eit bilde på kva som har skjedd i løpet av dei siste 50 åra. Det vil bli vist ein liten filmsnutt, det blir helsingar, og kvelden blir delt opp i to bolkar med pause i midten. Då blir det servert jubileumskake til alle.